Vossastubbar

Som vossingar flest blanda Per Sivle humor, melankoli og ironi på ein meisterleg måte. I det som har blitt verdas største kvartett har Significant Time tatt med seg trekkspelspelar Ida Hidle Løvlid og Marius Klovning på gitar. Plateaktuell og klar for release-turné våren 2023 med sitt halvgærne og frodige prosjekt «Vossastubbar» – der vitalitet, speleglede og Per Sivle møtast i folkeleg foreining. I tillegg til å skriva sarte, personlege dikt om svik og sakn, hadde Per Sivle eit klokkeklart blikk om mellommenneskeleg åtferd, og skildra på friskt og ekte vis tragikomiske og klønete situasjonar på gjenkjenneleg og humoristisk vis.


Significant Time har tatt tak i det friske og ekte, og tonesett fragment av «Vossastubbar» med freidig og framoverlent tonespråk. Musikken er skrive i «Sivles ånd» og framhevar evna til å herje med form, språk og innhald. Musikken i Vossastubbar er både lun og leiken, absurd og sprø, kompleks og dristig, raus og sosial.

Besetning;
SIGNE IRENE STANGBORLI TIME vokal
ØYVIND GJELSTEN DALE piano
FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass
RAYMOND STORAUNET LAVIK trommer
IDA LØVLID HIDLE trekkspel
MARIUS KLOVNING gitar

Konserten er en del av VNJS sin turnèordning Den Musikalske Stamvegen

KJØP BILLETT

andre artister